Mat og Drikke

Sundal-Camping har berre eit begrensa utval av mat og drikke. Me har heller ikkje bevilling for å selgja alkohol.

Me vil gjerne gje våre beste anbefalingar til våre gode naboar som driv med kafè og restaurant

Olaløo —på vegen opp til Bondhus —og Kro&Vertshuset (næraste nabo).

Dei tek imot gjester, lagar god mat og serverer det du har lyst på i glaset.

Olaløo skal vera ein triveleg serveringsstad utanom det
vanlege, og produktet skal tilpassast den enkelte gjest sine ynskje så
langt som råd er. I tillegg til god og tradisjonell mat med tilknytning
til garden og lokalmiljøet vert det lagt vekt på opplevingar i tillegg
til måltidet. Eit besøk i løo i kombinasjon med å gå seg ein tur i
kulturlandskapet med Bondhusdalen og breen som viktige element er noko
som skal vera med å heva vårt produkt til noko ein gjerne vil anbefala
til vener og kjente når ein kjem heim att.

Mauranger Kro og gjestehus eir ein familiebedrift som blei starta av Ingunn og Kamal Rangin. Bygget vi høyrer til i blei brukt som kontrollbygg under bygginga av Mauranger Kraftstasjon og var på den tida kjent som “Messa”. Vi ligg sentralt til i bygda, like ved Maurangerfjorden og med utsikt over brearmen til Folgefonna. Vi har sju enkeltrom og åtte store dobbeltrom. Dobbeltromma har eige bad, mens enkeltromma deler to dusjer og fire toaletter. Vi har også ei triveleg TV-stue, gratis WIFI, parkering og lading til el-bil for gjestene våre.

I restauranten serverer vi frukost, middag og kvelds med skjenkerett.